Beskrivelse
Storleik: Høgd 23 cm, breidde 26 cm.
Heklefasthet: 10 x 10 cm tilsvarer 10 masker og 11 rader fm rundt og rundt i dobbelt garn Drops Paris.
Heklena°l: Str. 7 mm, eller den som gjev rett heklefasthet.
Garn: Paris fra° Drops/Garnstudio, 8/8 bomullsgarn fra° Hobbii eller Lyric fra° Puppets (75 m/50 gram). Du heklar med dobbelt garn. Du treng 200 gram.
Einsfarga: 200 gram av ein farge.
To fargar: 150 gram grunnfarge, 50 gram kontrastfarge.
Dersom du brukar eit anna garn, kan det henda at veska vert litt større eller litt mindre.
Du treng ogsa°: tøy til fo^r (om du vil ha det, gjerne gjenbrukstekstil), saks, syna°l, sytra°d og stoppena°l og ein maskemarkør.
Eg forklarer i oppskrifta korleis du syr fôr i veska. Dersom du har lyst, kan du sy i fôr, men veska fungerer godt utan fôr også!
Lagerstatus:
Utsolgt, ventes inn
Jasminmaskene kysa er hekla med, skaper ein skikkeleg wow-effekt. Maskene er nye for mange, og å prøva seg på dei for første gang, kan kanskje verka litt skremmande. Difor har eg laga ei detaljert bileteskildring som føl med oppskrifta. Du treng ingen erfaring med jasminmasker for å laga dette pannebandet – eg tek deg gjennom alt, steg for steg.
Lua er god og varm og sit godt over øyrene.
Heklenål: 4 mm.
Garnforslag: Sandnes Kos, Drops Air eller Snefnug frå Camarose. Du treng 50 (100) 100 (150) gram. Du kan bruka andre garn, så lenge du overheldt heklefastheten.
Vanskelighetsgrad: Eg anbefaler dette mønsteret til deg som har hekla ein del før.
Oppskriften sendes til deg på mail i PDF
Lagerstatus:
Utsolgt, ventes inn
Romsleg heklejakke har ein moderne, behageleg passform. Den har ikkje glidelås eller knappar. Jakka er enkel å montera!
Jakka har ein gøy, strikkeaktig struktur som du heklar med halvstavar.
Overvidde: ca. 108 (116) 128 cm
Heil lengd: ca. 55 (58) 60 cm
Lengd erme: ca. 45 cm (målt til der ermet møter fram/bakdel. Same lengd alle str.)
Omkrins erme: ca. 43 (45) 48 cm
Heklenål: Str. 9 mm, eller den som gjev rett heklefasthet.
Du treng også: Saks og stoppenål.
Garnforslag: Dobbel tråd Mohair by Merinor (58% mohair, 37% ull, 5% Polyamid, 50g/90m).
Alternativ:Dobbel tråd: børstet alpakka, Melody eller Tykk Mohair
Garnmengd:
Farge A: 250 (250) 250 gram (5 (5) 5 nøste)
Farge B: 250 (250) 250 gram (5 (5) 5 nøste)
Farge C: 250 (300) 350 gram (5 (6) 7 nøste)
Lagerstatus:
Utsolgt, ventes inn
Yrmappa er hekla med berre fastmasker, luftmasker og kjedemasker. Dette er difor eit perfekt prosjekt også om du er ny i hekleverda.
Mappa har ein lekker struktur som minner meg om lett yr – vêret me har i Bergen når det ikkje ausregnar.
Mappa kjem som liten, medium og stor. Den passar like bra i parken som på fest. Mønsteret inneheldt ei detaljert skildring av korleis du syr i glidelås og fôr – så dette får du til, også om du aldri har gjort noko slikt før!
Yrmappe kjem i tre str; Liten (Medium) Stor. Måla er 14 x 10 cm (17 x 12 cm) 23 x 14 cm
Heklefasthet: 10 x 10 cm tilsvarer ca. 23 masker vevmønster (tel både fm og lm) og 22 rader
Garnforslag: Mappa på bilete er hekla med 50 gram Kid Silk by Merinor (212 m/25 gram) saman med 50 gram Stay Petite by Merinor (166 m/50 gram).
Oppskrifta inneheld også informasjon som viser korleis du tilpassar – slik at du kan hekla med ca kva garn som helst.
Heklenål: Str. 3,5 mm, eller den som gjev rett heklefasthet. Str. 3 mm til øvre kant.
Fôr: 15 x 22 cm (18 x 26 cm) 24 x 30 cm. Bruk gjerne gjenbrukstekstil utan stretch, som eit gammalt putetrekk.
Glidelås: 14 (17) 23 cm (eller nokre cm lengre).
Du treng også: Saks, stoppenål, synål, sytråd.
Lagerstatus:
Utsolgt, ventes inn